Økonomi

Tidspunkt for vårgjødsling og slått påverkar fôrkostnadane

Tidleg vårgjødsling ga større engavling og betre utnytting av vekstsesongen, men det kravde meir kraftfôr på grunn av dårlegare grovfôrkvalitet. Ved nok areal var normal vårgjødsling og tidleg førsteslått meir fordelaktig.

Håvard Steinshamn
Åsmund Mikalsen Kvifte
Synnøve Rivedal

Alle forskarar i NIBIO, avdeling fôr og husdyr

Forsøksruter 30.05.2023 rett før førsteslått. Ruta til høgre er gjødsla ved vekststart (17.4) og ruta til venstre 3 veker seinare (11.5). Tidleg vårgjødsling ga i gjennomsnitt 39 prosent større avling i førstsslåtten.

Foto: Synnøve Rivedal, NIBIO

Klimaendringar gjer at graset startar veksten tidlegare om våren. Vekstsesongen er lenger og saman med tidlegare vårgjødsling kan det moglegvis gje større engavling. Effekt av tidleg vårgjødsling på avling og fôrkvalitet vart derfor testa i eit treårig engforsøk hos NIBIO Fureneset (sjå Forsøksopplegg).

Avling, fôrkvalitet, areal- og kraftfôrbehov

Tidleg vårgjødsling auka i gjennomsnitt avlinga i førstelåtten med 39 prosent og årsavlinga med 15 prosent samanlikna med Normal vårgjødsling (sjå tabellen). Tidleg førsteslått gav noko lågare årsavling, men høgare fôrkvalitet, spesielt med tanke på proteininnhald og fordøyelegheit.

Det daglege grovfôropptaket, estimert i NorFor, ved Normal gjødsling var i gjennomsnitt 0,4 kg tørrstoff (TS) høgare og kraftfôropptaket 0,8 kg TS lågare ved Normal enn Tidleg gjødsling. Det årlege kraftfôrbehovet for heile buskapen var derfor om lag 11 prosent høgare med surfôr produsert frå Tidleg enn Normal tid for vårgjødsling.

For å produsere nok grovfôr til buskapen, trong Tidleg gjødsling i gjennomsnitt 20 dekar mindre areal enn Normal tidspunkt for vårgjødsling. Gjødsling til Normal tid reduserte det årlege kraftfôrbehovet i buskapen med 5 700 FEm. Tidleg gjødsling og hausting til Standard tid for førsteslått trong 9 200 FEm meir kraftfôr årleg enn gjødsling til Normal tid og hausta Tidleg. Derimot trong denne kombinasjonen, som gav best fôrkvalitet, 44 dekar større areal.

Tabell. Arealbehov, årsavling, fordøyelegheit organisk stoff i årsavlinga, fôropptak og kostandar for produksjon av grovfôr og kjøp av kraftfôr til ein mjølkekubuskap med fullt påsett, mjølkekvote på 200 000 liter og 8 000 kg EKM i årsavdrått per ku

Arealet dekkjer grovfôrbehov i besetninga

Areal likt Tidleg gjødsling/Standard slått

Vårgjødsling¹

Tidleg

Normal

Tidleg

Normal

Førsteslått²

Tidleg

Standard

Tidleg

Standard

Tidleg

Tidleg

Standard

Areal, daa

240

220

268

248

220

220

220

Årsavling, kg TS/daa

1000

1080

870

950

1000

870

950

Ford. organisk stoff, %

73,4

71,6

76,1

74,1

73,4

76,1

74,1

Grovfôr, kg TS/ku og dag

12,3

11,9

12,6

12,4

12,3

12,6

12,4

Kraftfôr, kg TS/ku og dag

6,7

7,1

5,8

6,4

6,7

5,8

6,4

Kraftfôr, FEm/år buskap3

58,3

61,1

51,9

56,2

58,3

51,9

56,2

Sum grovfôr, 1000 kr

846

826

871

854

867

908

878

Kraftfôr, 1000 kr

324

340

288

312

324

288

312

Sum fôrkostnader, 1000 kr

1172

1165

1159

1165

1190

1196

1190

1 Tidleg vårgjødsling er ved vekststart, medan Normal er 3-4 veker seinare

2 Tidleg førsteslått var 475 døgngrader etter vekststart og Standard 50 døgngrader etter det. Andreslått var 500 døgngrader etter 1. slått og tredjeslått i månadsskiftet august september

3 Totalt kraftfôrbehov for heile buskapen i 1000 FEm per år

Fôrkostnadar

Årlege totale grovfôrkostnader var om lag 26 000 kr billigare med Tidleg enn Normal tid for vårgjødsling (sjå tabellen). Det var først og fremst dyrkingskostnadane som var lågare på grunn av større arealbehov ved Tidleg gjødsling. Men på grunn av lågare grovfôrkvalitet og det høgare kraftfôrbehovet, var kraftfôrkostnadane 32 000 kr større. Det var derfor liten forskjell i dei totale fôrkostnadane. Tidleg hausting ga i gjennomsnitt ca. 19 000 kr dyrare grovfôr og ca. 20 000 kr lågare kraftfôrkostnader enn Standard tid for hausting. Dermed hadde også haustetid, i gjennomsnitt, svært liten effekt på totale fôrkostnader. Samanliknar vi kombinasjonen som gav størst avling (Tidleg vårgjødsling og Standard tid for førsteslått) med den som gav best fôrkvalitet ( Normal tid for vårgjødsling og Tidleg førsteslått), finn vi at der vi fekk størst avling var grovfôrkostnadane om lag 45 000 kr billigare, mens det som ga best fôrkvalitet resulterte i 52 000 kr lågare kraftfôrkostander. Skilnaden i totale fôrkostnader var såleis berre på kr 7 000 i favør driftsopplegget som gav best fôrkvalitet.

Arealgrunnlaget avgjerande for kva som gjev lågast fôrkostnader

Føresetnaden for utrekninga over er at arealet er slik tilpassa at det er nok grovfôr. Dersom ein ikkje kan kompensere for lågare avlingar med høgare fôrverdi og større grovfôropptak ved å auke arealet for å få nok grovfôr, vil kostnadane auke. I tabellen er dette illustrert med at for kombinasjonen som gav best grovfôr og høgst grovfôropptak, Normal gjødsling og Tidleg førsteslått, er fôrkostandane rekna ut både der arealet er stort nok til å dekkje grovfôrbehovet (268 dekar) og der arealet er sett lik kombinasjonen som gav størst avling og lågast grovfôrkostandar (220 dekar). Manglande grovfôr var dekt ved å kjøpe inn grovfôr til same kvalitet og pris som det eigeproduserte grovfôret. Kraftfôrkostandane var da like mens grovfôrkostnadane, og såleis dei totale fôrkostandane, auka med kr 37 000. Jamført med Tidleg vårgjødsling og Standard førsteslått, gav Normal vårgjødsling hausta Tidleg med same arealgrunnlag (220 dekar) om lag 82 000 kr dyrare grovfôr og 31 000 kr dyrare totale fôrkostnader. For dei andre gjødslingsog haustidskombinasjonane med fast areal sett til 220 dekar, var dei totale fôrkostnadane i stor grad dei same som for Normal gjødsling og Tidleg slått. Arealgrunnlaget er såleis avgjerande for kva driftsopplegg som gjev lågast fôrkostnader.

Forsøksopplegg

Tidleg vårgjødsling ved vekststart med husdyr- og mineralgjødsel vart samanlikna med normal tid for vårgjødsling ca. 3-4 veker seinare, og førsteslåtten vart tatt tidleg eller til normal tid. Tidleg førsteslått var ca. 450 døgngrader etter vekststart og standard tid 75 døgngrader etter det igjen. Andreslåtten var lagt til 500 døgngrader etter førsteslått og tredjeslåtten i månadsskiftet august/september. Gjødslinga var lik for alle fire kombinasjonane og tilsvara 30 kg nitrogen (N) per dekar og år i mineralsk N. I siste engår ensilerte vi prøver av avlinga. Vege middel av fôrkvaliteten av surfôret over dei tre slåttane, frå dei fire ulike kombinasjonane av gjødsling og hausting, vart brukt til å optimere fôrrasjonen til ei mjølkekubesetning med 8 000 kg EKM i avdrått, der grovfôropptak og behovet for mengde og kvalitet av kraftfôret blei estimert i NorFor. Avling, fôrkvalitet og fôrbehov blei brukt til å rekne ut kostnadane til å produsere grovfôret og innkjøp av kraftfôr til ein buskap med fullt påsett og 200 000 liter i mjølkekvote ved hjelp av NLR/Tine sitt Grovfôrøkonomi-program. Vi føresette at kyrne sine evner til å ete grovfôr vart utnytta, og at det derfor var grovfôropptaket som bestemte arealet for å dyrke og hauste nok grovfôr.

Arbeidet er finansiert med midlar frå Regionalt forskingsfond Vestland (prosjekt nr 332665), Tine SA, Landbruksråd Vestland og Felleskjøpet Agri. Takk til Erik Brodshaug i Tine for å optimere fôrrasjonar til mjølkeku i NorFor og til Jan Karstein Henriksen i NLR Sør for å utføre økonomiske kalkylar i Grovfôrøkonomi.

Verdt å ta med seg

  • Tidleg vårgjødsling ga større avling, spesielt i førsteslåtten (+39 %), men førte til dårlegare fôrkvalitet og dermed høgare behov for kraftfôr (+11 %).

  • Normal vårgjødsling og tidleg slått ga best grovfôrkvalitet og høgast grovfôropptak, men kravde større areal for å dekke grovfôrbehovet.

  • Totale fôrkostnader var berre om lag 5 000–7 000 kr lågare med alternativet som gav best fôrkvalitet, samanlikna med kombinasjonen som gav størst avling.

  • Haustetid hadde liten effekt på totale fôrkostnader, sjølv om tidleg slått gav dyrare grovfôr, blei dette utlikna av lågare kraftfôrkostnader.

  • Arealtilgang er avgjerande: Dersom arealet er avgrensa, kan lågare avling ikkje kompenserast med betre fôrkvalitet – og det aukar dei totale kostnadene vesentleg.

Les meir:

Heile rapport finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3197715